Nying er kanskje den mest klassiske kniven av alle modellar frå Helle. Kniven tok i si tid uttrykket "kortvokst kniv" til nye høgder. Då den kom i 1977 revolusjonerte den tollekniv-sjangeren med å kutte lengda på bladet i to, i tillegg til si nyskapande skaftform. Handtaket er laga i eit massivt stykke olja masurbjørk som er velproporsjonert i forhold til knivbladet. Innsvingen i fremre del av bladet gir både eit godt tak og beskyttelse mot å skli fram på bladet når ein arbeider med kniven. Bladet er forma med tanke på å gi maksimal kontroll når ein nyttar det. Kniven blir levert i ei klassisk lærslire med hempe som sikrar kniven i slire og oppheng til belte. Den er dekorert med ei utskjært selburose.
Stål: Laminert rustfritt trelagsstål
Bladtjukkelse: 2,7 mm
Bladlengde: 70 mm
Konstruksjon: Stikktange
Skaftmateriale: Masurbjørk
Lengde handtak: 90 mm
Sliremateriale: Ekte vegetabilsk lær
Designer: Tor Indergaard
Designår: 1977
Alle Helle-kniver kommer i gåveinnpakning med informasjonshefte.