Nord er meir enn berre ei retning. Nord representerer styrke, mørket om vinteren og lyset om sommaren. Dei ekstreme endringane i naturen mellom årstider, tilknytninga til naturen og effekten den har på oss. Det er slik vi hjå Helle ser på oss sjølve som ein del av kulturen i nord.
Nord-kniven er utvikla for å møte behova som finns i den skandinaviske villmarka. Den har utspring i knivmakar-tradisjonen hjå Helle, men med Nord har vi tatt ting eitt steg vidare. Kniven kombinerer historia vår med korleis vi har utvikla oss som ein ny friluftsgenerasjon. I dag brukar ein ofte kniv på andre måter enn våre forfedre ville ha gjort.
Med eit 3,7 mm tjukt og skinande blankt Sandvik 14C28N-knivblad, vil denne kniven ta dei fleste utfordringar på strak arm. Den er framleis tynn nok til å skjere med, og den er sterk nok til å handtere alle dei eventyra du har tenkt deg ut på.
Kniven blir levert med ei slire i brunt vegetabilsk lær og oppheng for belte, med snorhol oppe og nede.
Detaljar |
Nord |
Stål |
Sandvik 14C28N |
Bladtjukkelse |
3,7 mm |
Bladlengde |
147 mm |
Konstruksjon |
Fulltange |
Skaftmateriale |
Masurbjørk |
Lengde handtak |
137 mm |
Sliremateriale |
Ekte vegetabilsk lær |
Artikkelnummer |
200670 |
Design |
Helle |
Designår |
2022 |